Human-Etisk Forbund

Human-Etisk Forbund

Typeforening/lag/innretning
Org.nummer943762236
Skipa9. april 1956
HovudkontorOslo
LeiarChristian Lomsdalen
Medlemmer150 000
Nettstadhttps://human.no/ Sjå dette på Wikidata
Human-Etisk Forbund har hovudkontoret sitt i dette kontorbygget i Brugata 19 i Oslo.

Human-Etisk Forbund (HEF) er eit livssynssamfunn for human-etikarar eller sekulære humanistar. Forbundet passerte 70 000 medlemer tidleg i 2007, og er det største livssynssamfunnet i Noreg utanfor Den norske kyrkja. Organisasjonen er landsdekkjande og har nær 120 lokallag, og dessutan fylkeslag i alle fylka.

Ei hovudsak er organisering og gjennomføring av seremoniar på eit humanistisk grunnlag og arbeid for livsynslikestilling. Forbundet har i dag nær 60 tilsette, der om lag halvparten arbeider ved fylkeskontora og resten i den sentrale administrasjonen, som tidlegare hadde tilhald i Humanismens Hus i St. Olavsgt. 27 i Oslo, no i Brugata 19 på Vaterland i Oslo, attmed Vaterlands bru.

Human-Etisk Forbund si hovudinntek kjem frå medlemsavgift og frå offentlege tilskot for medlemene i samsvar med Lov om trudomssamfunn og ymist anna – ei ordning som inneber kompensasjon for (ein del av) dei skattemidlane samfunnsborgarane betaler til Den norske kyrkja. Berre personar over 15 år kan verta medlemer, sjølv om forbundet òg mottek offentleg tilskot for borna til medlemene (dersom medlemene gjev løyve til å søkja om slikt tilskot).

Forbundet gjev ut medlembladet Fri tanke både på papir (oppl. 54 000) og som nettavis, og tidsskriftet Humanist for ålmenn livssynsdebatt med hovudvekt på livsynshumanistiske problemstillingar. Forbundet driv dessutan bokforlaget Humanist forlag, som gjev ut sakprosa, lærebøker, bruksbøker for Human-Etisk Forbund, og dessutan gavebøker om einskilde tema.

Generalsekretær frå februar 2006 er Kristin Mile, og tidlegare kulturminister Åse Kleveland vart 10. juni 2007 vald til styreleiar.


© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search